Ledig stilling: Driftsoperatør matfisk

Ledig stilling: Driftsoperatør matfisk

Osland søker etter driftsoperatør matfisk som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!

Osland Havbruk har produsert laks og aure sidan 1963, vi har 6 lokalitetar i Sognefjorden og ein lokalitet i Rogaland. Vi søker no etter dyktige driftsoperatørar som skal drifte tradisjonelle sjølokalitetar, men også ny teknologi som semilukka merder. Vi søker operatørar til både lokalitet i Sognefjorden og Rogaland.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av sjølokalitetane samt fartøy
  • Dagleg oversyn og drift både tradisjonelle og moderne semi-lukka merder
  • Overvaking og rapportering

Team Osland
fjord

Kvalifikasjonar

  • Teknisk interesse og forståing
  • Båt-kyndig med praktisk erfaring
  • D6, kran, sikkerheitskurs er ønskeleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Fagbrev er eit pluss men ikkje krav
  • Søkarar med mekanisk- og elektrokompetanse blir oppmoda om å søke.

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Moglegheit for skift/ turnus
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar

Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Stamfisk AS og Osland Settefisk AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 60 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er denne staben som utgjer Osland.

Aure

Kontakt

Søknadsfrist: snarast

Marte Sleire Hatlevik

CEO Osland Havbruk AS

Osland logo

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Sommarjobb i Team Osland 2021

Sommarjobb i Team Osland 2021

Har du lyst å jobbe i Team Osland i sommar? Vi treng motiverte ungdommar som vil bli med på det “blå taktskiftet” i sommar.
 
Send ein kortfatta søknad til post@osland.no  innan 6. april 2021

Trykk for å sjå film frå sommarvikarane i 2020

Film frå 2020
Open dag

Open dag

Velkommen til open dag på Osland brygge og Sørebø!

Fredag 14. juni kl 15-18

Har du lyst å sjå våre nye båtar, båttur ut til Ecomerden, oppleve fôring eller ta ein kopp kaffi og slå av ein prat er du hjarteleg velkommen!

Sørebø kl 15-18

Stor byggeaktivitet og produksjon av smolt. Kjetil og gjengen er klar til å vise deg rundt!

Osland kl 15-18

  • Bli med ombord i dei nye båtane
  • Båttur til Ecomerden
  • Opplev fôring

Vi serverer

Kake, kaffi og ein smak av Sognefjorden

Korleis kjem du deg hit?

  • 2 timar frå Bergen langs E39, ta av mot Bjordal på Oppedal ferjekai
  • Ferje kvart 20 minutt Lavik-Oppedal eller
  • Ferje Nordeide-Ortnevik (sjå ruteinfo)

Arbeidsbåten Bjordal går frå Nordeide kl 14.30 med retur kl 18.00. Begrensa kapasitet, førstemann til mølla

Vi snakkast! Helsing alle i Team Osland

Osland Havbruk, Osland Settefisk, Osland Stamfisk