Osland søker etter ein leiar som skal vere med å forme verdas beste regnbogeaure!

Osland arbeidar for å forme framtida. Rogna vår, bakgrunnen vår og arva vår, alt startar her. I 60 år har vi skapt liv frå rogn til fisk. Vi formar Norges eldste avlskjerne av regnbogeaure. Målet er å produsere det som er best eigna.

No er vi på jakt etter ein dagleg leiar som skal ta arva vidare. Vi søker etter ein engasjert og kompetent leiar som brenn for utvikling av havbruksnæringa og som ønsker å bidra til å ta historia vidare. Hovudkontoret er i Bjordal i Høyanger kommune med 11 tilsette. Vår nye daglege leiar bur på Vestlandet og gjer seg tilgjengeleg på lokalitetane våre.

Osland Stamfisk er i dag det nest største selskapet på genetikk for stor aure i Europa. Dette er ein unik moglegheit for deg som ønsker ei leiarrolle der du kan gjere ein forskjell. Du vil få plass i leiargruppa i konsernstruktur og få bidra i å vidareutvikle Osland-konsernet på strategisk nivå. Stillinga rapporterer til styreleiar.

Som dagleg leiar i Osland Stamfisk vil ansvarsområda dine vere:

  • Utvikle framtidas genetikkselskap for regnbogeaure
  • Levere etter strategi om stabil og lønnsam vekst med budsjett- og resultatansvar
  • Leie produksjon og sal, sikre god og langsiktig porteføljestyring mot kundar og prosjekt
  • Følge opp vedtak og målsettingar innan HMS, kvalitet, kunnskap, tid og kostnad
  • Drive fram avgjersle for selskapets vidareutvikling av fasilitetar og anlegg
  • Leie, utvikle og engasjere fagsterke medarbeidarar, samt sikre fungerande team på tvers av konsernet
  • Bygge gode og verdiskapande samarbeid med nye og eksisterande kundar og leverandørar både nasjonalt og internasjonalt
  • Følge med på utviklingstrender og metodar for avl og genetikk
Rogn
På merdekanten

Vi ønsker at du har:

  • Relevant erfaring frå leiarstilling med resultatansvar og erfaring frå å leie organisasjonar i endring og vekst
  • Fullført høgare utdanning innan havbruksnæring eller frå andre relevante fagområde. Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning
  • Kunnskap frå havbruksnæringa, gjerne også kjennskap til avl- og genetikksegmentet
  • Forståing for avlsfagets eigenart og for følelsane bak avlsmaterialet som livsgrunnlag for Osland
  • Gode resultat frå økonomistyring og leiing av medarbeidar på ulike nivå
  • Evne til å sjå løysingar og til å tenke nytt

For å lykkast i stillinga er det viktig at du vert motivert av å få ting til å skje og tek ansvar for resultat. Du identifiserer og utnyttar kommersielle moglegheiter, og har ein sterkt positiv effekt på utvikling og forteneste. Du har ein systematisk og planlagt arbeidsstil, og integritet er viktig for deg. Du kommuniserer effektivt og ønsker å bygge medarbeidarane i laget. Du evnar å bygge kultur saman med resten av organisasjonen med fokus på kvalitet og kunnskap.

Som dagleg leiar i Osland Stamfisk samarbeider du godt med andre, deler kunnskap, erfaringar og informasjon, og støttar andre for å nå selskapet sine mål. Du er i stand til å bygge nyttige nettverk både internt og eksternt.

Du har god prosess- og rolleforståing opp mot myndigheitene sitt byråkratiske system og evnar å manøvrere i komplekse prosessar. Du utfører planar med engasjement og uthald. Det er viktig for Osland Stamfisk at du finn motivasjon i målet vårt om å vere eit førebilete i norsk oppdrettsnæring og ei føregangsbedrift innan bærekraft og innovasjon.

Til den rette kandidaten tilbyr Osland Stamfisk:

  • Ei sjølvstendig leiarrolle og store utviklingsmoglegheiter i eit framovervend selskap i oppbygging
  • Svært dyktige kollegaer og god støtte frå leiande fagekspertar internt i Osland konsernet
  • Stor fridom i val av løysningar og teknologi
  • Konkurransedyktige løn, gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
Stamfisk

Kontakt

Lene Faye Jordan-Johannessen
Partner – People and Executive Search
lene@seafoodpeople.net
+47 982 51 633

Thomas Bakke
Managing Director
thomas.bakke@seafoodpeople.net
+47 416 18 060

Cathrine Martinsen
Advisor
cm@seafoodpeople.net
+47 994 52 829

 

Stamfisk logo

Søknadsfrist: 20.03.21

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!