Osland søker etter driftsoperatør matfisk som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!
Osland Havbruk har produsert laks og aure sidan 1963, vi har 6 lokalitetar i Sognefjorden og ein lokalitet i Rogaland. Vi søker no etter dyktige driftsoperatørar som skal drifte tradisjonelle sjølokalitetar, men også ny teknologi som semilukka merder. Vi søker operatørar til både lokalitet i Sognefjorden og Rogaland.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av sjølokalitetane samt fartøy
- Dagleg oversyn og drift både tradisjonelle og moderne semi-lukka merder
-
Overvaking og rapportering


Kvalifikasjonar
- Teknisk interesse og forståing
- Båt-kyndig med praktisk erfaring
- D6, kran, sikkerheitskurs er ønskeleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
- Fagbrev er eit pluss men ikkje krav
- Søkarar med mekanisk- og elektrokompetanse blir oppmoda om å søke.
Vi tilbyr
- 100 % fast stilling
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Moglegheit for skift/ turnus
- Konkurransedyktige betingelsar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Stamfisk AS og Osland Settefisk AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 60 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er denne staben som utgjer Osland.

Kontakt
Søknadsfrist: snarast