Osland søker etter driftsteknikar som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!
Osland Stamfisk er i dag det nest største selskapet på genetikk for stor aure i Europa. Vi satsar på rogn og avl, er i vekst og treng fleire driftsteknikarar med på laget.
Som driftsteknikar jobbar du med drift og vedlikehald på lokalitetane og er del av eit fagleg team som syter for at fisk, rogn og anlegg har det optimalt året rundt. Du trivst med fysisk arbeid og å jobbe ute. Du har gode samarbeidsevner, er praktisk anlagt, lærevillig og nysgjerrig. Velkommen til Team Osland!
Arbeidsoppgåver
- Dagleg oppfølging av fiskegrupper
- Journalføring
- Vedlikehald og tilsyn av tekniske installasjonar
- Delta aktivt i utforming av prosedyrar
- Høgt fokus på HMS og kvalitet
- Jobbe fysisk med rognproduksjon
- Vaktordning


Kvalifikasjonar
- Fagbrev/ høgskule, Lang erfaring kan kompensere for utdanning
- Erfaring frå rognproduksjon og avl er å føretrekke
- Førarkort klasse B
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, arbeidsspråket er norsk
- Fordel med truck/kran-kurs
Vi tilbyr
- Jobb i ei spennande bedrift i utvikling, med satsing på alle trinn i verdikjeda innan havbruksdrift
- 100 % fast stilling
- 5 % pensjon og gode løns- og arbeidsvilkår
- Bedriftshytter og andre velferdstilbod
- Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
- Arbeide i fantastiske omgjevnader ved Sognefjorden
- Om ynskjeleg hjelp til å finne bustad i Bjordalsområdet

Kontakt
Anders Skjervheim i JKS Norge gir meir informasjon.
Søknad via skjema på JKS si nettside.
+47 993 84 542
Søknadsfrist: 20. april
Søknadene blir vurdert fortløpande
VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!