Osland søker etter produksjonskoordinator som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!
Du skal ha overordna produksjonsoppgåver for heile Osland Konsernet. Vi ser etter ein medarbeidar som kan vere med og utvikle selskapet sin produksjonskontroll, produksjonsmål og leveranse i det daglege. Ei viktig rolle i arbeidet med å forme verdas beste regnbogeaure.
Dette er jobben for deg som brenn for struktur, planlegging og god leiing. Du tek ansvar og likar utfordringar samtidig som du ser menneska rundt deg og skaper tryggleik og arbeidsglede i Team Osland. Du beheld målet i sikte sjølv om arbeidsdagen er hektisk og utfordringane mange. Vi treng deg som har godt humør og gode samarbeidsevner. Velkommen til Team Osland!
Arbeidsoppgåver
- Produksjonsansvar, produksjonsplanlegging. Delta aktivt i produksjonen og vere en ressursperson for heving av kompetansenivå i organisasjonen.
- Ansvarleg for HMS, KHMS og forbetringsarbeid, målstyring, LEAN og KHMS-resultatsikring i produksjonen
- Innkjøp av fôr og innsatsfaktorar, ansvarleg for kontroll på råstoffet, sporing og resthaldbarheit
- Strategi for optimalisert produksjon
- Rapportering av produksjonstal og måltal
- Ansvarleg for god flyt og effektivitet på produksjonslinjene
- Aktiv bruk av bemanningsplan, posisjonsplaner for planlegging av kommande og noverande produksjonsplan
- Aktivt leie og koordinere drift i produksjonen
- Bidra som motivator for andre med aktivt og operativt forbetringsarbeid
- Oppfølging mot støttefunksjonar: teknisk, kvalitet og økonomi
- Ivareta orden og struktur i avdelinga og utføre visuelle kontrollar
- Bistå produksjonsleiar med optimal utnytting av avdelinga sine rammevilkår, personell og produksjon
- Bistå med god kommunikasjon til tilsette i produksjonen


Kvalifikasjonar
- Fiskehelsebiolog
- Bachelor i havbruksdrift og leiing
- Nyare typar høgare utdanning innan havbruk
- Logistikk eller anna operativ-/leiingsbakgrunn
- Erfaring med produksjon, gjerne havbruk eller anna matproduksjon
- Erfaring med systematiske forbetringsmetodikkar
- Kunnskap om fiskehelse og fiskevelferd
Stillinga passar for deg som:
- Har godt humør, er initiativrik og resultatorientert
- Har gjennomføringskraft og tek ansvar
- Taklar ein uforutsigbar arbeidssituasjon samtidig som du har struktur i arbeidet ditt
- Har gode samarbeidsevner og trivast med teamarbeid
- Er ein klar og tydeleg fagleiar
- Er engasjert, involvert og inspirerande
Vi tilbyr
- Jobb i ei spennande bedrift i utvikling, med satsing på alle trinn i verdikjeda innan havbruksdrift
- 100 % fast stilling
- Vi har døgndrift og stillinga føl skiftplan
- Kontorstad Bjordal/Bergen
- 5 % pensjon og gode løns- og arbeidsvilkår
- Bedriftshytter og andre velferdstilbod
- Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
- Arbeide i fantastiske omgjevnader ved Sognefjorden
- Om ynskjeleg hjelp til å finne bustad i Bjordalsområdet
- Osland er opptatt av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Osland Havbruk AS er IA-bedrift og opplevast som en fleksibel arbeidsgivar

Kontakt
Anders Skjervheim i JKS Norge gir meir informasjon.
Søknad via skjema på JKS si nettside.
+47 993 84 542
Søknadsfrist: 20. april
Søknadene blir vurdert fortløpande