Har du interesse for berekraftig mat og havbruk, og ønsker ein spennande og variert start på karrieren?
Som Osland Trainee i Osland Havbruk blir du engasjert for ein periode på 1 år og får i perioden sjå heile kretsløpet innan vår verdikjede. Du startar i og vil ha din fasteplass i Osland sin administrasjon, men i løpet av året vil du sjå heile verksemda i og med at du får vere innom fleire av faga vi leverer administrativt til. Det vil sei Kvalitet- og HMS-avdelinga, rekneskap, produksjonskontroll og innovasjon. I løpet av året vil du ha ein kontaktperson, men du vil få ta del i fleire av fagleiarane sine arbeidsdagar og vere med å bidra til vidare utvikling og vekst.
Du vil delta i Framtidsfylket trainee. Ei traineestilling byr på brei arbeidserfaring, personleg utvikling og nye nettverk. Som trainee er du tilsett i ei bedrift i Vestland i eitt år.
Vi tilbyr
- Ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv
- Innsyn i næringslivet i Vestland
- Eigen mentor i Osland som følger deg opp
- Fellessamlingar med fagleg og sosialt program… og her vil du oppleve varke Vestland
- Studietur til utlandet
- Fagleg og personleg utvikling
- Gøy, gøy, gøy!
- Spennande arbeidsoppgåver i næring i utvikling
- Praksisperiode som gir grunnlag for vidare arbeid i næringa.
- Moglegheit til å bygge bred kompetanse og til å bli kjent med næringa.
- Deltaking i bransjespesifikke ungdomsnettverk
- Lønn etter utdanningsnivå og i tråd med selskapets ordningar.
- 5 vekers ferie og regulering etter arbeidsmiljølova. Det vil sei at arbeidsperioden er frå 1. august 2022 til 23. juni 2023.


Om deg
Har du utdanning på bachelor – eller masternivå i administrative fag eller fagbrev innan kontorfaget og har interesse for havbruk? Då er du kanskje den vi er på jakt etter. Du kan maksimalt ha tre år med arbeidserfaring etter avslutta utdanning.
Stillinga krever norsk språk, skriftleg og muntleg.
Du er:
- Positiv og nysgjerring
- Kreativ og initiativrik
- Strukturert og presis
- Lærevillig
- Interessert i data og digitalisering
Om arbeidet
Verdikjeden til Osland går i kretsløp frå rogn til regnbogeaure ut til marknaden. Aktiviteten vår skapast av våre tilsette, men også saman med eksterne, sektormyndigheter og leverandører, regulatorer og virkemiddelsapparat. Som Osland Trainee får du førstehåndserfaring frå oppdrettaren sjølv og uansett kor du seinare ynskjer å arbeide har du med deg ei viktig erfaring. Vi ynskjer å gi Osland trainee et bredt utgangspunkt å ta med seg vidare i yrkeskarriera og trivast du godt er det store muligheter for anna arbeid etter året er avslutta.
Det er ein intensjon å tilby traineen fast tilsetting etter avslutta traineeår.

Kontakt
Arnstein Bråten
arnstein@osland.no
Kvalitet og HMS-leiar
Marte Hatlevik
Marte.hatlevik@osland.no
CFO
Søknadsfrist: 8. juli