Bunnsolid
Bunnsolid – framtidas havbruk i fjord og langs kyst
Noreg er eit land med unikt mange fjordar, nes og viker noko som gjer at vi kan skilte med verdas nest lengste kystlinje. For vidare vekst i havbrukssektoren meinar Osland Havbruk at det ligg potensiale i å vidareutvikle bruken av desse fjordsystema og kystlinja vår.
Bunnsolid i betong
Osland Havbruk har difor søkt om utviklingstillatelse for prosjektet ”Bunnsolid”. Dette er ein rømmingssikker, fastmontert betongkonstruksjon plassert direkte på havbotn. Konstruksjonen er ei innhegning; ei solid barriere som skil oppdrettsfisk og villfisk. Vatnet blir henta inn frå lusefrie djupner og avløpsvatn pumpa ut på 200-250 meter.
Bunnsolid treng ikkje fortøyning og frigir slik mykje plass. Anlegga er tenkt plassert nær land og gir dermed høve til å bruke miljøvenleg landstrøm. I tillegg vil det forenkle logistikk med korte avstandar frå landbase til sjøanlegg.
Gode tilhøve for både fisk og arbeidarar
I eit slikt lukka anlegg vil fisken få optimale tilhøve med tilpassa temperatur og strømningsforhold. Lite eksponering av lus, parasitter og patogener gir mindre behov for handtering av fisken.
På innsida av betong-ringen blir arbeidskvardagen til dei tilsette meir skjerma mot vind og ver. Ei stabil arbeidsplattform med enkel tilkomst. Slik blir arbeidsdagen tryggare, det gir betre HMS og vedlikehaldsarbeid kan utførast meir forutsigbart.
Fordelar med Bunnsolid
- God fiskevelferd
- Ingen rømming
- God arbeidskvardag og HMS
- Lite påverking av ytre miljø
- Treng lite areal
Prosjektet skal utvikle
- Fast konstruksjon i betong med fundament på havbotn
- Fundamentering tilpassa mjuk og hard botn
- Anleggsmodellar tenkt brukt i fjord- og kystområder
- System for vassinntak
Vi har søkt om seks utviklingstillatelser og prosjektet vil gå over sju år. Bunnsolid er tenkt realisert ved utløpet av Lånefjorden.
Kva er ein utviklingstillatelse?
Utviklingstillatelsene er særtillatelser som kan tildelast prosjekt som innebærer betydelig innovasjon og betydelige investeringar. Formålet er å legge til rette for utvikling av teknologi som kan bidra til å løyse ein eller fleire av miljø- og arealutfordringane som akvakulturnæringa står ovanfor. For eksempel ved konstruksjon av prototypar og testanlegg, industriell design, utstyrsinstallasjon og fullskala prøveproduksjon.
Teknologien som blir utvikla i prosjekta skal delast slik at den kjem heile næringa til gode.